Vi vektlegg spesielt det å skape tryggleik gjennom god omsorg, gode relasjonar, ro i kvardagen og rikeleg med tid til tilvenning.
Borna utforskar med kropp og sansar, og vi legg difor tilrette for at dei skal få bruke heile kroppen og alle sansar i møte med omgjevnadane. På puterommet har vi god boltreplass på golvet, i tillegg til ulike puter og trampoline. På badet har vi diverse utstyr for vassleik. På avdelinga har vi ulike lys og lydeffektar, i tillegg til mykje leiker og materielt utstyr. Vi har kjøkken som vi nyttar til baking og matlaging, og eit flott nærmiljø som vi går på tur i. Vi legg også vekt på at borna skal få vere saman med dei eldre borna i barnehagen om morgonen og ettermiddagen, noko som skapar mange gode læringssituasjonar.