Samarbeidspartar

Nokre av dei ulike instansane som vi har eit nært samarbeid med.

  • Koordinator for støttetiltak (Ruxandra Raudøy)

Koordinator for støttetiltak er eit lågterskeltilbod for tidleg innsats i barnehagen.

Koordinator skal bistå barnehagane med rettleiing vedkomande tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet etter behova og føresetnadene til barna, slik at også barn som treng ekstra støtte skal oppleve inkludering og meistring. Koordinator skal også rettleie barnehagepersonalet i prosessen med å arbeide systematisk og målretta med systemanalyse og med å sette inn tiltak snarast råd når utfordingar vert avdekka. 

For at koordinatoren for støttetiltak skal kome og observere/rettleie i forhold til tilrettelegging og tiltak som vedkjem enkeltborn, må barnehagen ha samtykke frå føresette. Munnleg samtykke er tilstrekkelig. Det er ikkje behov for samtykke ved observasjon på systemnivå, som t.d. læringsmiljø og dynamikk i barnegruppa.

 

  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Alle kommunar er pålagde å ha ein pedagogisk-psykologisk teneste. Denne tenesta skal hjelpe born i barnehagen og deira føresette når det er behov for særskild hjelp og støtte. PPT gjev direkte hjelp til born og unge, og rådgjeving/rettleiing til føresette og personale i barnehage/skule.
Tenesta skal medverke i tverrfagleg samarbeid om førebyggjande tiltak i oppvekstmiljøet. PPT skal også vere kommunen sitt sakkyndige organ i spørsmål om spesialpedagogiske tiltak.

NB! Personalet i barnehagen kan ikkje ta opp problem med namngjevne born med PPT utan samtykkje frå foreldra.

 

  • Helsestasjonen

Tunåsen barnehage har eit godt samarbeid med helsesjukepleiar i Volda kommune. Helsestasjonen kontaktar vi ved til dømes utbrudd av sjukdom og epidemiar, helse og hygiene eller i samarbeid om born med spesielle behov.

 

  • Hornindal barnehage

Tunåsen har eit godt samarbeid med den kommunale barnehagen i Hornindal.

 

  • Hornindal skule

Tunåsen har eit godt samarbeid med skulen i overgangen frå barnehage til skule.

 

  • Barnevernet

I følgje lov om barnevern har alle barnehagar meldeplikt når det er mistanke om omsorgssvikt og/eller mishandling.

 

  • Logoped

Kommuna deler logoped med Ørsta kommune.