Frukost frå kl. 8.15-08.45
Lunsj frå kl. 11.15-11.45
Fruktmåltid kl. 14.00
Vi har full matordning i barnehagen. Det vil seie at det er barnehagen som står for all mat til borna. Vi legg vekt på økologisk mat og produkt, og har eigen kjøkkenassistent som lagar maten frå grunnen av. Det vil seie heimebaka brød kvar dag, middag på fredagar og varierande servering til lunsjmåltidet på måndagar. Vi tilbyr elles variert pålegg, knekkebrød, frukt og grønnsaker, og yoghurt inni mellom.