Tips til påkledning
Tips til påkledning
- Gode regnkle med strikk under skoen/støvelen er nødvendig.
- Parkdress som toler bra med vatn, men som samtidig pustar.
- Vinterdress som er god å bevege seg i.
- Prøv å finne vottar som gjer at bornet kan halde i leiker. Tjukke polvottar gjer det ofte vanskeleg for borna å leike ute. Vottar med tommel og som er heil over resten av fingrane er kjempebra.
- Gummistøvlar er heilt nødvendig i barnehagen. Pass på at dei er så store at det er plass til ullsokkar i dei. Støvlar med fôr anbefalast særleg på hausten og vinteren.
- Ull er det beste innerst på huda, så eit mellomlag med ull/fleece og så yttertøy.
- Hugs ekstra klesskift i barnehagen.