Kvitveisen

Kvitveisen er avdelinga vår for dei eldste borna. I år består barnegruppa av 16 born frå 3-6 år.

På Kvitveisen legg vi vekt på å skape gode relasjonar. Alle skal bli sett og høyrt, og vi ska både få og vise respekt for kvarandre. Born og vaksne skal saman skape ein god kvardag med mykje latter og glede.

Avdelinga vår har hems, eigen samlingskrok og mykje ulike pedagogiske leiker og utstyr. Vi legg vekt på å vere mykje ute og nyttar oss aktivt av nærområdet vårt.

På vinteren reiser vi mykje til skisenteret og nyttar oss av hallen èin gong for veka, og vår/sommar/haust reiser vi på mykje ulike turar og nyttar spesielt godt sætrane våre.