Foreldresamarbeid

Samarbeidet mellom foreldre/føresette og barnehagen er grunnleggjande for å oppnå gode vilkår for barnehagelovas formålsparagraf: ”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.” (§2).

Barnehagen skal drivast i nær forståing og samarbeid med barna sin heim. Personalet i Tunåsen legg stor vekt på å få til eit godt foreldresamarbeid. Vårt ynskje er at foreldra skal verte godt kjent, få god tillit til oss her i barnehagen og at vi skal ha ein god og åpen dialog. Samarbeidet utøvast gjennom dagleg kontakt, foreldresamtalar, foreldremøter, møte i styre og samarbeidsutvalet.

 

Foreldresamtale

Foreldresamtalen er en fortrolig samtale mellom foreldra og barnehagepersonalet om det enkelte barns trivsel, utvikling og aktiviteter i barnehagen. Vi har ein samtale om hausten, og ein om våren. Foreldre kan sjølvsagt få ekstra samtalar ved ynskje og behov.

Whiteboardtavle

Kvar avdeling har ei whiteboardtavle der det vert skreve opp diverse beskjeda, samt litt om kva vi har gjort i løpet av dagen.

Foreldremøte

Det vert holdt to foreldremøta kvart barnehage år. Eit ved oppstart av nytt barnehageår om hausten, og eit om våren. Her vert det tatt opp ulike aktuelle tema, gitt ut viktig informasjon og foreldre har sølvsagt moglegheit til å stille spørsmål om det dei måtte lure på.

Samarbeidsutvalg

Samarbeidsutvalet (SU) består av ein foreldrerepresentant frå kvar avdeling, samt to representantar for dei tilsette og eigar. Foreldre har høve til å ta opp ulike sake med SU, i tillegg skal SU også være med å godkjenne årsplanen for barnehagen.