Historia til Tunåsen barnehage

Litt om bakgrunnen til Tunåsen barnehage

Tunåsen barnehage A/S var opprinneleg ein familiebarnehage, som blei starta opp 1. august 1993 av Marit Førde Lødemel. Første året vart familiebarnehagen dreven med ei barnegruppe, men året etter blei det opna opp for to barnegrupper. Alderen på borna var frå 0 til 4 år.

I 2012 gjekk Tunåsen familiebarnehage over til å bli ein ordinær privat barnehage, og skifta namn til Tunåsen barnehage A/S. Eigar er fortsatt Marit Førde Lødemel. Det blei bygd heilt nytt tilbygg, som vi flytta inn i hausten 2012.

I dag er vi en privat barnehage med 36 plassar for born mellom 0-6 år, fordelt på to avdelinga. Løvetanna er avdelinga for dei aller minste, mens Kvitveisen er for dei litt større borna. Vi jobbar tett saman på tvers av avdelingane.

Tunåsen barnehage A/S er medlem av Private barnehagers landsforbund (PBL).