Samarbeidspartar

Nokre av dei ulike instansane som vi har eit nært samarbeid med.

  •  Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Alle kommunar er pålagde å ha ein pedagogisk-psykologisk teneste. Denne tenesta skal hjelpe born i barnehagen og deira føresette når det er behov for særskild hjelp og støtte. PPT gjev direkte hjelp til born og unge, og rådgjeving/rettleiing til føresette og personale i barnehage/skule.
Tenesta skal medverke i tverrfagleg samarbeid om førebyggjande tiltak i oppvekstmiljøet. PPT skal også vere kommunen sitt sakkyndige organ i spørsmål om spesialpedagogiske tiltak.

NB! Personalet i barnehagen kan ikkje ta opp problem med namngjevne born med PPT utan samtykkje frå foreldra.

 

  • Helsestasjonen

Tunåsen barnehage har eit godt samarbeid med helsesjukepleiar i Volda kommune. Helsestasjonen kontaktar vi ved til dømes utbrudd av sjukdom og epidemiar, helse og hygiene eller i samarbeid om born med spesielle behov.

 

  • Hornindal barnehage

Tunåsen har eit godt samarbeid med den kommunale barnehagen i Hornindal.

 

  • Hornindal skule

Tunåsen har eit godt samarbeid med skulen i overgangen frå barnehage til skule.

 

  • Barnevernet

I følgje lov om barnevern har alle barnehagar meldeplikt når det er mistanke om omsorgssvikt og/eller mishandling.