Tips til påkledning

Tips til påkledning

  • Parkdressen bør vere vanntett, men prøv å finne ein som pustar. Gummi i baken og på kne hindrar vatn på utsatte stadar. Dressar med uttagbart fôr gjer dressen til ein heilårsdress.
  • Prøv å finne vottar som gjer at bornet kan halde i leiker. Tjukke polvottar gjer det ofte vanskeleg for borna å leike ute. Vottar med tommel og som er heil over resten av fingrane er kjempebra.
  • Gummistøvlar er heilt nødvendig i barnehagen. Pass på at dei er så store at det er plass til ullsokkar i dei. Støvlar med fôr anbefalast særleg på hausten og vinteren.
  • Ull er det beste innerst på huda, så eit mellomlag med ull/fleece og så yttertøy.
  • Hugs ekstra klesskift i barnehagen.