Velkomne til Tunåsen barnehage!

Tunåsen barnehage er ein privat barnehage som ligg i naturskjønne omgjevnadar i Hornindal kommune. Vi har sosial kompetanse som hovudmål, og legg vekt på å skape ein trygg kvardag fylt med glede, omsorg, leik og læring. Vi satsar på økologisk mat og produkt, og har bærekraftig utvikling som eit eige satsingsområde i år. Tunåsen barnehage har eigen kjøkkenassistent som lagar mat frå grunnen av og vi tilbyr full matordning. Det vil seie at borna får all mat i barnehagen. Elles legg vi stor vekt på turar og friluftsliv, og nyttar blant anna "Bjørneskogen" vår aktivt i kvardagen.